Tips og råd

Pusteøvingar

Å puste er essensielt og livsviktig, likevel er det få personar som nyttar andedrettet optimalt. Følgjande øvingar er ein utmerkt måte for å redusere spenningar og stressnivået i kroppen. For best komfort, kle deg i lause kle.

Øving

Start øvinga med å ligge på ryggen på golvet, knea bøygd tilnærmingsvis 45 grader, og føtene omtrent 20 cm frå kvarandre. Pass på å halde ryggrada rett.

Ta for deg kroppen din, konsentrer deg om ein kroppsdel om gongen og lær deg å løyse opp spenninga, del for del. Start med tærne, legg, lår, og oppover osv.

Plasser ei hand på magen din og ei på brystet. Inhaler sakte og djupt gjennom nasa og inn i buken slik at du kjenner handa på magen di vert pressa opp. Men ikkje meir enn at det er komfortabelt. Brystet ditt skal kun lee seg litt, og då berre saman med magen din.

Når du føler at steg 4 går greitt, inhaler gjennom nasa og pust ut gjennom munnen, lag ein stille og avslappa lyd omtrent som vinden når du pustar forsiktig ut. Munnen, tunga og kjeven din skal være avslappa. Ta lange, sakte og djupe andedrag som skal heve og senke magen din. Fokuser på lyden og følinga av å puste medan du vert meir og meir avslappa. Bruk meir tid ved å puste ut enn å puste inn. (3-4 sek ut, 2-3 sek inn)

Fortsett med djupe andedrag i omtrent 5 til 10 minutt pr gong, ein til to gongar pr dag. På slutten av kvar omgang, ta litt ekstra tid til å gå gjennom kroppen din for å løyse opp spenningar, som i punkt 2. Samanlikn spenningane som du føler på slutten av kvar øving med den som du opplever når du byrjar.

Når du vert vand med å puste inn med magen din, tren på det kvar gong du føler for det i løpet av dagen når du sit eller står. Konsentrer deg om at magen din skal lee seg opp og ned, at lufta skal gå inn og ut av lungene dine og om den kjensla av avslapping som djup pusting gir deg. Når du har lært deg sjølv å slappe av med å bruke djup pusting, nytt denne teknikken kvar gong du føler at du er anspent.

Lite energi om vinteren?

Kor mykje naturleg dagslys får du i løpet av ein vinterdag ? Dei fleste av oss ser knapt dagslys, og enno mindre direkte sollys i månadane november til februar. Dette kan gje negativ effekt på helsa vår.

Vurder å bruke breidspektra lampar spesielt om morgonen. Sidene under gjev informasjon om kva mangel på naturleg lys kan gjere med oss, og har også produkt til sals.

www.sanolux.no

Avspenning

Her kan du laste ned lydfiler som du kan lytte til på høyretelefonar. Desse lydane stimulerer hjernen på ein viss måte og har ofte ein avspennande effekt. Kan også nyttast om ein har vanskar med å sovne om kvelden. Bruk gode høyretelefonar og ver i eit rom for deg sjølv. Lukke til!

 Last ned eller lytt gratis til lyden av stille bølger (Mp3-fil, 25 minutter)

 Last ned eller lytt gratis til lyden av stille bølger (Mp3-fil, 2 timer)