Litt om oss

Kiropraktoren er den einaste primærkontakten som har muskelskjelettplager som hovudfokus i både utdanning og praksis. Utdanninga til ein kiropraktor er 5-årig fulltidsstudium som gjev Mastergrad, og først etter eit år i turnusteneste får ein autorisasjon og lisens til å praktisere.

Dei etablerte kiropraktorane ved Kiropraktorklinikken i Sogndal har 20-års brei erfaring, og vi er stolte av å vere dyktige til å stille korrekt diagnose og ha effektive behandlingsteknikkar som gjev raske resultat. Vi har solid utdanning og er offentleg godkjende med rett til å tilvise og sjukmelde pasientar. I kombinasjon med gode råd og rehabilitering gjer det sitt til at du er i dei beste hender hjå oss!

Kiropraktorklinikken i Sogndal er ein smerteklinikk og eit privat helsesenter for muskel- og skjelettplager.. Vi har inga venteliste, og akutte pasientar vert prioritert. Ein treng ikkje tilvising frå legen for å oppsøke oss.

Vi held til midt i sentrum av Sogndal, 2. etasje i kontordelen av Sogningen Amfi, også kalla Postbygget. Inngang frå gateplan ved Sparebanken Sogn og Fjordane og Power, eller i 2. etasje ved å passere Cafe Prego og apoteket og fylgje skilta.

Kiropraktorane

Jannike Skår

Kiropraktor Jannike Skår er utdanna ved Palmer College of Chiropractic West i California, USA. Uteksaminert 1997. Ho tok den prekiropraktiske utdanninga si ved Universitetet i Bergen og ved Universitetet i Odense, Danmark. Jannike har jobba som kiropraktor i San Francisco , Bergen, og Volda. Starta Kiropraktorklinikken i Sogndal i 2001 saman med Mara Frattasio. Ho har også jobba med idrettsutøvarar og på idrettsarrangement på toppnivå både i Norge og USA. Ho har vore kiropraktor til fleire stjerner både i USA og Norge, med Yoko Ono som den mest kjende. I tillegg har ho lisens som massasjeterapeut. Jannike er ein mykje brukt føredragshaldar for kiropraktikk, lokalt og regionalt, mellom anna for turnuskandidatar i regi av Fylkesmannen.

Jannike var initiativtakar til å skipe Norsk Idrettskiropraktisk forening (NIKF), og var leiar frå 2010-2014, og har tidlegare sitte som leiar av Norsk Kiropraktorforening sitt Idrettsutval med ansvar for vidareutdanning innan feltet idrettskiropraktikk og profilering av idrettskiropraktikk i Noreg. Ho har teke etterutdanning innan idrettskiropraktikk med modul 1 og 2 gjennomFICS som leiar til tittelen ICSSD (the International Chiropractic Sports Science Diploma), samt Idrettsmedisin 1 og 2 i Norge. Ho er medlem av Norsk Idrettsmedisinsk forening.

Jannike var saman med Mara ansvarleg for det faglege innhaldet ved Høgskulen i Sogndal sin årlege Ryggdag for 3.års idrettsstudentar, der dei fletta inn det praktiske i teorien rundt ryggplager og funksjonell ryggtrening.

Mara Frattasio

Kiropraktor Mara Frattasio er utdanna ved Palmer College of Chiropractic West i California, USA. Uteksaminert i 1997. Mara har i tillegg ei bachelorgrad i exercise science frå University of Massachusetts, Amherst. Ho dreiv eigen praksis i San Francisco før ho kom til Norge. Har drive Kiropraktorklinikken i Sogndal sidan 2001 saman med Jannike Skår. Ho har sjølv vore aktiv idrettsutøvar på høgt plan. Ho har vore trenar og vore ansvarleg for behandling av idrettsutøvarar på toppnivå. Ho har vore kiropraktor ved arrangement som VM i Triathalon, Pro Windsurfing i Santa Cruz, San Francisco Marathon, sykkelritt frå San Francisco til Los Angeles, og fleire. Mara introduserte «Core»(kjerne)trening i San Francisco sitt største treningssenter «The YMCA» for 18 år sidan!

Mara er ein av initiativtakarane til å skipe Norsk Idrettskiropraktisk forening (NIKF) og var styremedlem der. Ho hadde før det sitte fleire år i Norsk Kiropraktorforening sitt Idrettsutval med ansvar for profilering av idrettskiropraktikk i Noreg. Ho har teke etterutdanning innan idrettskiropraktikk i USA gjennom CCSP (Certified Chiropractic Sports Physician)-programmet, modul 1 og 2 gjennom FICS som leiar til tittelen ICSSD (the International Chiropractic Sports Science Diploma), samt Idrettsmedisin 1 i Norge. Ho er medlem av Norsk Idrettsmedisinsk forening (NIMF).

Saman med Jannike har ho tidlegare vore ansvarleg for det faglege innhaldet ved Høgskulen i Sogndal sin årlege Ryggdag for 3.års idrettsstudentar, der ein flettar inn det praktiske i teorien rundt ryggplager og funksjonell ryggtrening. Mara har også vore ansvarleg for opplegget og undervisninga i tørrnålteknikk for medlemer av Norsk kiropraktorforening.

Mara har teke etterutdanning innan ultralyddiagnostikk, og har allereie fleire års erfaring. Ho har som ein av få i landet fullført Mastergrad i ultralyddiagnostikk, og graduerte «with distinction» frå Universitetet i Bournemouth, England, november 2017. Ho har fortsett etterutdanninga si innan injeksjonsbehandling, og utfører ultralydrettleia injeksjonar hovudsakleg med hyaluronsyre og PRP.