Idrettsavtalar

Idrettsutøvarar frå heile Indre Sogn oppsøkjer Kiropraktorklinikken i Sogndal. Vi har fotballspelarar frå Sogndal, Fjøra, Kaupanger og Årdal FK, samt ei rekke andre lag. Vi har tidlegare vore ein del av Sogndal Fotball sitt medisinske apparat, og har hatt kontrakt med Jotun handball og volleyball- laget i Sogndal. Vi har og mange utøvarar frå individuelle idrettar som friidrett, vektløfting, ski og klatring.

Ynskjer du eller ditt lag at vi skal kome å observere utøvarar på trening eller for å snakke om det vi kan hjelpe utøvarane med så ta kontakt med oss. Bruk gjerne skjemaet under.

Kva er idrettskiropraktikk?

Kiropraktorar har vore involverte i behandling av idrettsutøvarar og idrettsskader sidan profesjonen vart etablert. Kiropraktikk er ein profesjon som handterer  dysfunksjonar i rørsleapparatet, og er derforsvært eigna til å vere ein naturleg del i det helsefaglege støtteapparatet i idretten, enten sjølvstendig eller som del av eit fleirfagleg lag.

Kiropraktorar arbeider oftast i eigne private klinikkar og behandlar idrettsutøvarar der på linje med andre pasientar, medan mange kiropraktorar som er spesielt interesserte i handtering av idrettsskader gjerne er direkte involverte i idrettslag og – klubbar, enkelte også som medisinsk ansvarleg.

Idrettskiropraktikk er ein spesialitet innan kiropraktikken, som omhandlar førebygging, handtering og rehabilitering av muskel-og skjelettskadar relatert tildeltaking i idrett eller fysisk aktivitet. Målet for ein idrettskiropraktor er å oppretthalde og forbedre idrettsprestasjonar, fremje fysisk fostring og helse, på alle nivå frå mosjonist til eliten, både på og utanfor idrettsarenaen. Idrettskiropraktikk som konsept kan kome alle til nytte, ikkje berre idrettsutøvaren. Som i idrettsmedisinen, så er nøkkelen til kiropraktisk suksess å involvere og motivere pasientane til aktivt å ta ansvar for eiga helse.

Korleis er idrettskiropraktikken organisert?

Idrettskiropraktorar er godt organiserte i mange land, spesielt i USA, Canada, New Zealandog Australia, der kiropraktorar i lang tid har vore inkluderte i deirespektive olympiske delegasjonane og i profesjonell idrett. Idrettskiropraktorar er også organisert i mange land i Europa, tildømes Sveits, England og Norge. I Norge har Norsk Kiropraktorforening(NKF) hatt eit eige idrettsutval i mange år som har arbeidd for å fremjeidrettskiropraktikken. Og nyskipa NorskIdrettskiropraktisk Forening (NIKF) som hadde første årsmøte 22.mai 2010 vil jobbe vidare med same mandat og visjon.

Den internasjonale organisasjonen FICS (Federation Internationale de Chiropratique duSport) er lokalisert i Lausanne i Sveits, og er godkjent av WHO og IOC.Gjennom FICS, er idrettskiropraktorar tilstades ved internasjonalearrangement som “World Games”, og forskjellege VM-arrangement. FICS arbeider med å formidle informasjon om idrettskiropraktikk, samt drive kommunikasjonsarbeid retta mot den olympiske komite og andrehelseprofesjonar. I tillegg arrangerer FICS etterutdanning innanidrettskiropraktikk som leier til tittelen ICCSD (The International Chiropractic Sports Science Diploma). Ved dei amerikanske og kanadiske kiropraktiske studia kan ein oppnå titlane CCSP (Certified Chiropractic Sports Physician) og vidare DACBSP (Diplomat American Chiropractic Board of Sports Physicians) som er eit meir omfattande etterutdanningsprogram.

www.idrettskiropraktikk.no

Kva gjer ein idrettskiropraktor?

Idrettskiropraktorar har mykje til felles med våre kollegaer innan medisinen, men det som gjer oss distinkt, er også det som gjer oss spesielt nyttig for idrettsutøvaren. Ein kiropraktor, med ferdigheitene til å evaluere akutte traumer og belastningsskader, og ansvaret til å stille diagnose og formulere ein behandlingsplan, er også terapeut som ofte fylgjer pasienten frå start til friskmelding. Det at same fagperson har ansvaret for både undersøking og oppfylgjing gjer at ein unngår mistydingar som kan oppstå når fleire behandlarar er involvert. Pasientar vert tilvist til andrelinjetenesta eller andre behandlarar i dei tilfella det er indikert, grunna diagnose, at pasienten treng oppfylging vi ikkje kan tilby, eller manglande resultat.

Ein idrettskiropraktor fokuserer spesielt på å lokalisere den biomekaniske ubalansen som førte til skaden eller smertene, og å vurdere alle deler av rørslekjeda, ofta kalla den kinetiske kjeda. Ekspertise i manipulasjon og mobilisering avledd (columna og ekstremitetar), og bløtdel (nerve, muskel, fascie) ereit område som gjer idrettskiropraktoren unik.

Idrettskiropraktoren er ofte habil i bruk av taping og bracing, bruk av tørrnål og bløtvevsteknikkar som Active Release (ART). Kanskje du ikkje visste at den no mykje nytta bløtdelsteknikken ART er utvikla av kiropraktoren Dr. Mike Leahy, og kinesiotape og teknikken vart utviklaallereie for 25 år sidan av den japanske kiropraktoren Dr. Kenzo Kase?

Vi legg vekt på trening og rehabilitering, som ofte erfokusert på å stabilisere haldninga ved å ta tak i oppgåver som balanse, konseptet rundt nøytral rygg/skulderblad og kjernetrening, tøying av stram postural muskulatur, og samtidig styrke svake og inaktive musklar. Rehabilitering kan gjerast spesifikk når ein har kjennskap til den enkelte utøvar sitt rørslemønster, der svake ellerdysfunksjonelle rørsler eller muskelgrupper vert fokusert på.

Idrettskiropraktoren utøver ein funksjon som ofte manglar i det allereie eksisterandeapparatet rundt idrettsutøvaren eller -klubben. Det å identifisere og behandle ikkje berre innlysande dysfunksjonar, men også tilsynelatande mindre dysfunksjonar som ofte er oversett eller ignorert, og som førertil tydeleg redusert yteevne, kan vere avgjerande for utøvaren.
Med rett diagnose og val av behandlingsform, vil resultatet ofte vise seg umiddelbart, med betring i funksjonen. Det at pasientane våre responderer raskt på det vi gjer, fører til at ein kan spissebehandlinga og finjustere behandlingsplanen.

Ta gjerne kontakt med oss

  • Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.