For helsepersonell

Kva er kiropraktikk?

Kiropraktikk er den einaste primærhelsetenesta der muskelskjelettplager er hovudfokus både i utdanning og praksis. Utdanninga til ein kiropraktor er 5-årig fulltidsstudie som gjev Mastergrad, og i Danmark har kiropraktorstudentane felles undervisning og eksaminering med legeutdanninga. Kiropraktoren har autorisasjon gjennom SAK og Helsedirektoratet. Ein kiropraktor er utdanna til diagnostikk, behandling, førebygging og rehabilitering av lidingar i rørsleapparatet.  Vi er stolte av vår kompetanse til å stille korrekt diagnose, som er utgangspunktet for optimal behandling. Behandlinga består av fleire forskjellege metodar  og teknikkar avhengig av problemet og den enkelte pasient. Les meir om behandlingsteknikkar.

Injeksjonsbehandling

Kiropraktor Mara Frattasio utfører ultralydrettleia injeksjonar. Hovudsakleg injeksjon av hyalorunsyre og PRP (platerikt plasma). Vi brukar og Artrex sin ACP-Tendo som kombinere PRP med kollagen som er en behandiling for sene og leddbånd skader. PRP og Hyaluronsyre er brukt for å auke tilheling. Mest brukt i kroniske tendinopatiar, idrettsskader og artrose. Pasientar som ikkje har respondert på anna konservativ behandling vil vere aktuelle for denne type behandling. Les meir om injeksjonsbehandling. Tilvis direkte til oss, vi har inga ventetid.

Ta kontakt med kiropraktorane på post@kiropraktorenhjelperdeg.no

Har kiropraktoren refusjonsrett?

Ja, kiropraktoren er primærkontakt og har refusjonsrett. Kiropraktorpasientane får automatisk refusjon. Sjå www.helfo.no for oppdaterte trygderefusjonstakstar. Pasienten betalar eigendelen ved kiropraktorkonsultasjonen.

Diagnostisk ultralyd

Kiropraktor Mara Frattasio har som ein av få i landet Mastergrad innan diagnostisk ultralyd for muskelskjelettsystemet, og har allereie fleire års erfaring som sonograf. Dette er ein utmerka teknikk for å undersøke og utelukke fleire ulike tilstandar. Les meir om ultralyd. Tilvis direkte til oss, vi har inga ventetid.

Treng pasienten tilvising frå lege?

Nei. Frå 2006 fekk pasientar automatisk refusjon utan tilvising. Tilvisingsskjema er derfor ikkje i bruk, men mange legar tilviser pasientar til oss ved å be pasienten ta direkte kontakt, og sender ofte med eit notat med problemstilling.

Kan kiropraktoren rekvirere MR og røntgen?

Ja, kiropraktorane kan skrive ut rekvisisjon til MR, CT og røntgen.  Samt tilvise til fysioterapeut og spesialisthelsetenesta.

Kan kiropraktoren sjukmelde?

Ja, kiropraktorane kan sjukemelde opp til  12 veker. Vi sjukmelder sjeldan, og nyttar sjukmelding kun når det er det rette verkemiddelet for oppnå best resultat. Sjukmeldingsperioden skal nyttast til intensiv behandling, eigenbehandling, restitusjon og trening.

Har Kiropraktorklinikken ventetid?

Nei, vi har inga ventetid. Akutte tilstandar vert prioritert. Pasienten kan bestille time sjølv gjennom denne nettsida, eller ringe. Helsepersonell kan også ta kontakt med oss direkte for timebestilling til sin pasient.