Eldre

Kiropraktikk har inga aldersgrense! Hittil er vår eldste pasient 95 år. «Ein kan vel ikkje vente anna i min alder». «Det er vel reperasjonsalderen». «Eg gløymer at eg ikkje er 20 år lengre». «Legen seier det skuldast slitasjeendringar». Å gje eldre menneske inntrykk av at ingenting kan gjerast grunna høg alder, er uakseptabelt. Som regel skal det overraskande lite til for å bedre situasjonen for eldre menneske. I tillegg er takksemda stor.

Overskrift til tekst

Store forkalkningar, lave skiver og runde, trøytte ryggar er ikkje det same som at ein ikkje skal søke å betre tilstanden. Behandlinga må tilpassast tilstanden til vevet. Mange eldre, deira familiemedlemer og venekrins tenkjer at muskel- og skjelettplager er «noko som kjem med alderen» og ikkje er noko å gjere med. Dette er i mange tilfeller heldigvis feil ! Sanninga er at mange plager som ein person over pensjonsalder har er ofte dei same plagene som yngre pasientar har, men gjerne grunna andre årsaker. Dei typiske problem eldre har som vi kan hjelpe med er; sete- og hofteplager, knesmerter, lavryggsmerter, skulderplager, nakkestivheit, spenningshovudverk og svimmelheit.

Mange eldre har andre sjukdomar og tek medikament av forskjellege grunnar, og det er viktig for oss å innhente mest mogleg informasjon frå den enkelte. Det kan også vere underliggande årsaker for ryggplagene, kneplagene eller svimmelheita t.d. Hjå Kiropraktorklinikken i Sogndal kan ein vere trygg på at ein vert grundig undersøkt, og at ytterlegare undersøking vert utført dersom nødvendig. Vi rekvirerer røntgen, MR, ultralyd eller sender til fastlegen eller spesialist når det er indikert. Vi har nært samarbeid med helsepersonell i regionen, samt vår eigen fysioterapeut for oppfylging av våre pasientar.

Eldre dame