Manipulasjonsbehandling

Det å manipulere ledd er sjølve grunnlaget for kiropraktikken som profesjon. I 1895 grunnla D.D. Palmer kiropraktikken etter å ha studert muskel, nerve- og skjelettsystemet i årevis, og oppdaga at redusert funksjon i det enkelte ledd gav mykje plager. Kiropraktikken er i konstant utvikling og har sjølvsagt endra seg mykje sidan 1895, men manipulasjonsteknikken står fortsatt svært sentralt, grunna at teknikken er så effektiv som den er, og stadig meir forsking kan stadfeste dette. Dei nyaste retningslinjene for behandling av nakke og rygg frå 2017 er baserte på denne forskinga, og konkluderer med at manuelle teknikkar skal prøvast fyrst, og ikkje smertestillande eller betennelsesdempande medikament, noko som har vore svært vanleg strategi hittil.

Nokre kallar teknikken justering eller leddkorrigering.  Den er naturĺeg nok mest brukt av kiropraktorar, men også andre har teke i bruk teknikken, grunna den gode effekten,  mellom anna manuellterapeutar i Norge.

Manipulasjon vert brukt på ledd med redusert rørsle, også kalla låsningar. Alle ledd i kroppen kan låse seg. Låsningane omfattar leddkapselen, nervesystemet og den djupe muskulaturen rundt leddet. Funksjonen til leddet og muskulaturen endrar seg, og det kan oppstå smerte.

Manipulasjonen skjer som regel inn i den retninga leddet har reduert rørsle/er låst. Kropraktoren nyttar eit spesifikt handgrep, og gir ein rask impuls som igjen medfører ein umiddelbar avspenning av djup muskulatur. Ved hurtig separasjon av leddflatene oppstår det eit vakuum inne i leddet og leddvæske vert midlertidig omdanna til små gassbobler. Då kan ein høyre den kjende «knekkelyden». Behandlinga kan ofte ha ein umiddelbar smertedempande effekt, og ofte kan ein få umiddelbar forbetra rørsle.

Manipulasjon skal ikkje vere veldig smertefull, men i akutte og svært smertefulle situasjonar vil pasienten oppleve lette smerter og vere sår og øm etter behandling. Teknikken er dokumentert, trygg og effektiv.