Myofasciell smerte

Myofascial smerte er smerte I musklar og fascie (ein type bindevev som ligg rundt musklane). Ein kan oppleve myofasciell smerte i distinkte, isolerte delar av kroppen. Det kan oppstå i ein kvar muskel eller bindevev. Kiropraktorane i Sogndal har lang og god erfaring med behandling av myofascielle plager.

Årsak

Årsaka til myofascielt smerte syndrom er muskelspenning som igjen fører til triggerpunkt i muskulaturen. Skade i muskulaturen, både akutt skade eller kontinuerleg muskelbelastning kan føre til utviklinga av triggerpunkt. Triggerpunkt oppstår ved overbelastning av muskulatur enten grunna muskelubalanse eller for mykje eller for hard bruk. Overbelastning grunna skade, eller psykisk stress. Triggerpunkt kjem ofte frå vedvarande repeterande aktivitet, slik som å løfte tunge objekt kvar dag, eller ved å sitte ved datamaskina heile dagen. Ingen enkel faktor åleine er ansvarleg for utviklinga av myofascielle triggerpunkt, det er alltid samansette årsaker. Ein kombinasjon av medverkande faktorar kan vere :

  • Dårleg haldning
  • Langvarig sitting i uhelding stilling
  • Mangel på rørsle eller trening
  • Skade i muskelskjelettsystemet eller skade på skiver i ryggrada
  • Generell utmatting og søvnmangel
  • Manglar i kosthaldet
  • Hormonelle endringar (t.d. overgangsalderen)
  • Emosjonelle problem (depresjon, angst)
  • Andre smertetilstandar eller betennelsestilstandar i kroppen
  • Fedme
  • Bruk av tobakk (sigarettar, snus)

Vanlege symptom ved myofaciell syndrom:

  • Djup smerte i lokale deler av ein eller fleire musklar
  • Smerten vert verre når den involverte muskulaturen vert strekt eller belasta
  • Muskelsmerte som vert verre, eller ikkje vert bedre over tid
  • Smertefulle punkt, “knutar”, i muskulaturen som ved å trykke på eller setje nåler i, gir intens, lokal smerte eller utstrålande smerte
  • Musklane er svake, stive, manglar fleksibilitet
  • Endringar i søvnmønster
  • Humørsvingingar

Behandling av myofasciell smerte :

Kiropraktorane i klinikken har lang erfaring med behandling av myofasciell smerte. Kombinasjonen av nøyaktig diagnose, nøyaktig behandling ved hjelp av effektive behandlingsteknikkar, og heilheitleg rehabilitering, fører til at vi ofte får gode resultat med våre pasientar.