Bekken, hofte og lyske

Redusert funksjon i lavryggen kan ofte gje plager og skader i bekken, hofte og lyske, og oftast vert alle desse områda undersøkte og behandla samtidig. Det er også vesentleg å undersøke og inkludere fotstilling, ankel og legg. Kiropraktorane har over 20 års erfaring med bekken-, hofte- og lyskeplager.

Seneirritasjon / Tendinose

Det mest vanlege hofteplagar skuldast anten triggerpunkt («muskelknutar») i setemusklar eller irritasjon i senene på desse musklane. Smertene er då lokaliserte i sida på hofta og opp mot hoftekammen, og kan også gje strålande smerter til lyske, lår, lår og legg. Ein vert ofte verre etter sitting og ved å ligge på sida, og etter lengre fysisk aktivitet.

Det er viktig at du ikkje vert for passiv fysisk, sidan hofteleddet treng stimulering gjennom rørsle og aktivitet. Sykling, enkelte svømmeteknikkar og generell styrketrening kan vere gode eigentiltak. Ta gjerne ein prat med behandlaren din for nærare rettleiing.

Hofteartrose / «hofteslitasje»

Hofteartrose (vert også kalla coxartrose) er reduksjon av brusken i hofteleddet og endringar i beinet som til dømes forkalkingar.

Årsak:

Hofteartrose kan ein dele inn i primær og sekundær. Den primære oppstår utan kjend årsak, og den sekundære kan kome som fylgje av andre hoftelidingar som til dømes inflammatoriske leddsjukdomar, utviklingsfeil eller infeksjonar.

Symptom:

Hofteartrose ser ein typisk hjå middelaldrande eller eldre pasientar. Pasienten har smerter, stivheit og redusert rørsle i områda rundt hofte, sete og lyske. Enkelte gongar kan det oppstå smerteutstråling til kneleddet på same side. Ryggsmerter er heller ikkje sjeldne symptom for denne pasientgruppa og smertene kan stråle ned til kneet. Plagene dominerer gjerne om morgonen, og som ved andre artrosetilstandar, oppstår smerter i starten og slutten av ein aktivitet, ofte i samband med gange. Noke pasientar erfarer også smerter ved kvile.

Vurdering:

Kiropraktoren eller fysioterapeuten vil utføre ei grundig klinisk undersøking etter ein samtale der pasienten har presentert sjukehistoria si. Undersøkinga inkluderer ulike relevante testar som kan stadfeste mistanken om hofteartrose. Ved behov for supplerande undersøking som røntgen eller MR kan kiropraktoren rekvirere dette.

Behandling:

Ein vil i dei fleste tilfella starte med konservativ behandling hjå kiropraktor eller fysioterapeut. Dette kan vere leddmobiliserande behandling av hofteleddet, bekken og rygg, manuell behandling og nålebehandling av stram muskulatur og instruksjon i relevante øvingar. Dersom pasienten vil ha utbytte av det, vil han eller ho verte rådd til å ta del i 65+ gruppa til fysioterapeut Gjøri Skjerdal der fokuset er balanse og styrke. Det vil også vere viktig å avlaste hofteleddet i enkelte tilfelle, og smertestillande medikament kan vere aktuelt for nokre pasientar. Ved manglande effekt av konservativ behandling, og når smertene er vedvarende i den grad at det påverkar pasienten sin kvardag i stor grad, samt at funksjonen er tilstrekkeleg redusert, vil kiropraktoren tilvise pasienten til kirurgisk vurdering.

Kva kan du gjere sjølv:

Det er viktig at du ikkje vert for passiv fysisk, sidan hofteleddet treng stimulering gjennom rørsle og aktivitet. Sykling, enkelte svømmeteknikkar og generell styrketrening kan vere gode eigentiltak. Ta gjerne ein prat med behandlaren din for nærare rettleiing.

Bekkenløysing hjå gravide

Bekkenløysing er ein naturleg prosess som skjer hjå alle gravide for å klargjere bekkenet for fødsel. Derfor forsøker fagpersonar å gå vekk fra diagnose «bekkenløysing» og heller kalle det «bekkenplager hjå gravide» dersom bekkenløysinga medfører smerte.

I fylgje ei norsk undersøking opplever ca. 15 prosent av gravide i Norge smertefull bekkenløysing. Smerte i rygg, bekken eller mot framre bekkenledd (symfysen) under eller etter graviditet kan vere symptom på bekkenløysing, men erfaringsmessig er det oftast låsingar i lavrygg og bekkenledd, samt triggerpunkt i sete- og hoftemuskulatur som er årsaka til smertene. Les meir under bekkenplager hjå gravide.

Årsak:

Under svangerskapet vert det frigjort hormon som gjer leddbanda i bekkenet meir elastiske. For nokre gravide medfører dette smerte, sidan bekkenringen vert for bevegeleg. I tillegg kan vektauken, og endringa av tyngdepunktet vere med på å forverre smertene.

Symptom:

Hjå nokre gravide kan auka rørsle mellom bekkenledda utløyse smerter som er særskilt tydelege ved belastning. Bekkenløysing gjev oftast smerter på frasida av bekkenet, og kan stråle ut til lysken, seteregion eller ned i beina. Typiske symptom kan vere smerte ved gange, enkelte utviklar «vaggande» gange, smerter ved å snu seg i senga, sitte, løfte, bere mellom anna. Smertene tiltek ofte i løpet av dagen og vert lindra ved ro. Smertene kan for enkelte vere invalidiserande og ei utfordring i kvardagen.

Vurdering:

Ein kyndig behandlar tek ei grundig sykehistorie gjennom samtale med pasienten, og klinisk undersøking. I dei fleste tilfella er dette tilstrekkeleg for å stille rett diagnose og kunne gje individuelt tilpassa oppfylging. Ein rår vanlegvis ikkje til bildediagnostikk under svangerskapet, og det er oftast heller ikkje nødvendig. Dersom plagene vedvarer også etter fødselen, kan det vere aktuelt med bildediagnostisk (som røntgen eller MR) undersøking av bekkenledd og hofter.

Behandling:

Forskning har vist at spesifikke stabiliserende øvelser for bekkenet kan virke smertedempende. Behandlingen har som formål å bedre holdningen og bevare en fornuftig bekkenstabilisering. Kiropraktisk behandling, fysioterapi, massasje og akupunktur kan redusere smerten, samt bidra til å opprettholde en god funksjon og stabilitet i bekkenet. Tiltakene tilpasses individuelt, og er avhengig av bekkensmertenes varighet. Vi ved Kiropraktorklinikken har kompetanse til å vurdere hva som er best for deg.

Kva kan du gjere sjølv?

Du kan gjere mykje sjølv for å minske bekkenplagene dine. Fyrst og fremst er det viktig å unngå aktiviteter som gjev smerte. Jamn belasting på begge bein er viktig. Stå med tyngda jamt fordelt på begge bein og å gå med korte steg. Dersom stillingsskifte i senga er smertefullt, forsøk å knipe saman i bekkenbotnen for så å snu deg rundt med beina sama. Unngå å sitje med kryssa bein, det kan for enkelte provosere fram smerter dersom ein har bekkenløysing. Det er også viktig å bere korrekt, ein rår til bruk av ryggsekk for å få lik fordeling av vekta.

Førebygging:

Hald deg i form gjennom lystbetont mosjon og variert aktivitet
Varier arbeidsstillinger. Den beste stillinga er den neste
Sov med pute mellom beina for å avlaste bekkenet

Gilmores Groin / Idrettsbrokk

Gilmore´s groin (idrettsbrokk, fotballbrokk) er ei relativt vanleg skade innan idrettar som krev mange raske stopp og vendingar, mellom anna fotball. Gilmore´s groin er oppkalla etter kirurgen Jerry Gilmore som i 1980 vart den første til å beskrive tilstanden. Tilstanden er også kjent som idrettsbrokk, men Gilmore´s Groin er meir passande sidan tilstanden i realiteten ikkje er eit ekte brokk. Gilmore´s Groin er ein skade på vevet rundt lyskekanalen. Nærare bestemt dreier det seg om ei rift i aponevrosen (ei brei og flat hinne av senevev) til dei ytre skrå magemusklane (obliquus externus) og/eller ei rift i senefestet til dei indre skrå magemusklane (obliquus internus).

Symptom på Gilmore´s groin

Gilmores groin er kjenneteikna av smerter i lysken ved aktivitet og idrett, særleg ved aktivitet som nedbremsing, vridingar eller hurtige vendingar. Smerten strålar vanlegvis ned langs innsida av låret og inn mot lysken /testiklane. Smertene kan vere diffuse og vanskeleg å lokalisere heilt nøyaktig og bygger seg gjerne opp over lengre tid.

Det er vanleg å føle seg stiv og øm i lysken etter trening eller aktivitet. Dagen etter trening vil ein ofte vere so stiv at det kan vere vanskeleg å kome seg ut av senga om morgonen. Mange vil også ha problem med å køyre bil. All aktivitet eller anstrengelse som aukar trykket i bukhola, som til dømes hosting, nysing eller styrketrening kan gje smerte.

I tidlege stadier vil mange vere i stand til å fortsette med idrett, men som regel vil ein oppleve ei gradvis forverring av symptom over tid og for nokre kan skada føre til at ein må avslutte idrettskarriera.

Korleis stiller ein diagnosen?

Kroniske smerter i lysken kan ha sitt opphav frå ei rekke andre regionar i kroppen. Mellom anna kan skader i korsryggen, hofteleddet, bekkenledd, mage og urinvegsinfeksjonar gje opphav til smerter i lysken. Derfor er det viktig med ei grundig klinisk vurdering før ein stiller endeleg diagnose.

Diagnostisering av Gilmores groin er basert på pasienthistorie og funn frå klinisk undersøking. Vanlegvis er det smertefullt å hoste og nyse og å presse låra ihop.

Behandling av Gilmore´s Groin

Behandling ved Kiropraktorklinikken vil inkludere stabiliseringsøvelser og styrketrening for muskulaturen i bekken og lyske (adduktormuskulatur). Slike øveingar vil kunne bremse progresjonen noko men vil normalt ikkje kunne reversere tilstanden. Injeksjonsbehandling vil verte vurdert, og det er kiropraktor Mara Frattasio som vurderer dette, ho nyttar ultralydrettleia injeksjon.

Operativ behandling

Kirurgi er utbreidd for å verte kvitt Gilmore´s groin. Men hittil er det ingen standardiserte eller veldokumenterte kirurgiske prosedyrer eller teknikkar for behandling av Gilmores groin. Så resultatet av operativ behandling avheng derfor i stor grad av erfaringen og ferdigheitene til den aktuelle kirurgen.