Artrose

Artrose, også kalla slitasjegikt, er eit typisk symptom på slitasje i ledda, som ein naturleg konsekvens av aldring. Nesten 70% av personar over 65 år har røntgenfunn med artrose utan å vere plaga av smerter.

Det fyrste teiknet på artrosesmerte er ofte «startsmerter». At ein får smerter i ledd under endring av stilling, slik som frå sittande til ståande eller når du står opp om morgonen.

Det andre stadiet av artrose er kjenneteikna av sterkare smerter ved aktivitet, knaselydar ved rørsle av ledd, samt ein varig reduksjon av rørsleutslag, ei tilstivning.

Det siste stadiet av artrose er konstant smerter, også ved kvile, noko som kan gjere det umuleg å sove.

I alle stadie av slitasjegikt kan inflammasjon (betennelse) oppstå, og ein kan hovne opp i og rundt leddet. Artroseprosessen kan verte framskunda av ulike faktorar :

  • Gjentekne inflammasjonar i ledd
  • Intensiv utøving av idrett
  • Deltaking på aktivitetar med høg skaderisiko
  • Overvekt
  • Tungt fysisk arbeid med høg grad av repeterande rørsler
  • Inaktivitet

Kva ledd kan verte påverka?

I prinsippet kan alle synoviale ledd i kroppen verte påverka av artrose. Vanlegvis rammar artrose større ledd og gir smerter og innskrenka rørsle i fylgjande ledd:

  • Kne
  • Hofte
  • Skulder

Likevel er det ofte slitasje i mindre ledd som kan gje størst utfordring i kvardagen. Til dømes:

  • Grunnleddet i tommelen
  • Alle andre fingerledd
  • Ledd i tærne, spesielt storetåledd
  • Små fasettledd i ryggrada

Problem kan også oppstå i fylgjande ledd:

  • Alboge
  • Ankel

Kva er eit synovialt ledd ?

Dei fleste ledd i menneskekroppen er synovialledd. Kneet er eit typisk eksempel. I kneleddet møtest legg- og lårbein. For å absorbere støt og redusere friksjon er endane på lår- og leggbein dekka av jamn og sterk brusk. Leddet vert helde stabilt med ein leddkapsel og omkringliggande musklar og leddband. Leddkapselen dekkjer heile innsida av leddet der det ikkje er brusk og er belagt med ei tynn hinne som vert kalla synovialmembranen. Synovialmembranen i leddkapselen frigjev ei viskøs væske, leddvæske, også kjent som synovialvæske eller «leddet sitt smørjemiddel». Leddrørsle gjer det mogleg med jamn fordeling av synovialvæske i heile leddet sitt holrom, og dermed også mellom dei delane som er dekka av brusk.

Kva funskjon har leddvæske?

Synovialvæska gir nødvendig næring til brusken, som ikkje sjølv har noko blodforsyning. Ein god ernæringsstatus i denne leddvæska sikrar at brusken har nok elastisitet og motstand mot friksjon og dermed slitasje.

I tillegg til næringsstoffa som er heilt nødvedg for brusken, inneheld leddvæska ein annan viktig komponent, HYALURONSYRE. Hyalorunsyre er ansvarleg for den viskøse konsistensen i leddvæaska og gjev væske ei rekke viktige eigenskapar.

Dermed spelar leddvæska fleire roller i leddet:

  • Smøremiddel : reduserer friksjonen mellom bruskflater og berører kvarandre og bidreg til rørslefriheit i leddet.
  • Støtdempar : absorberer støt, t.d. nåe du går eller hoppar.
  • Distansering :
  • Filter :

Hyalorunsyra sine eigenskapar sikrar ei friksjonsfri rørsle av leddet og beskyttar mot slitasje av overflater som er dekka av brusk.