Alboge, hender og fingrar

Tennisalboge / lateral epikondylitt

Tennisalboge, på fagspråket kalla lateral epicondylitt, er ei slitasjeskade av senevevet som er festa på utsida av albogeleddet. Ca 1-2% av befolkninga i alderen 35-50 år vert ramma av tennisalboge.

Årsak:

Tennisalboge er eit resultat av for store mengder av dei same rørslene og overbelastning i handledd og alboge over lengre tid. Tennisalboge førekjem ofte ved overbelastning i idrettar som tennis og squash, men også som fylgje av langvarig og intensiv PC-bruk, eller belastande og repetitive rørsler i handverkaryrker. Tømrarar, bilmekanikarar, elektrikarar og røyrleggarar er utsette.

Symptom:

Pasienten har ofte skarp smerte på utsida av albogen som kan stråle ned på baksida av underarm og ut i fingrane. Ein kan verte nummen i same område samt kjenne seg stivare i muskulaturen som er involvert. Albogen er også svært øm ved berøring rundt senefestet.

Vurdering:

Ein bør søke vurdering og behandling raskt for å unngå at plagene vert kroniske. Ved Kiropraktorklinikken tek vi ein samtale og grundig sjukehistorie og klinisk undersøking for å kartlegge årsakene til plagene samt leggje opp ein behandlingsstrategi. Kiropraktor Mara Frattasio nyttar diagnostisk ultralyd for å stadfeste diagnosen.

Behandling:

Kiropraktikk kan ha god effekt i den akutte fasen av tennisalboge. I tillegg til å behandle sjølve arma, undersøker også kiropraktoren nakke og brystrygg. Dette for å avdekke og behandle eventuelle dysfunksjonar – som igjen kan påverke rørslekjeda ut i skulder og arm – samt spenningsnivået i muskulaturen. Rehabilitering er også ein viktig del av behandlinga, dette kan kiropraktoren eller fysioterapeuten utføre. Det vert laga eit treningsprogram med heimeøvingar (styrke/uttøying) for å førebygge vidare skader og auke styrke og fleksibilitet. Både tørrnålbehandling, manipulasjon og Kinesiotape kan ha god effekt. Du vil også få råd om å nytte spesielle støtteskinner.

Kva kan du gjere sjølv:

Ved tennisalboge er det svært viktig i den akutte fasen å avlaste albogen for å unngå ytterlegare irritasjon. Unngå for mykje repetisjon av rørsler og andre provoserande rørsler av handledd og alboge, til plagene har roa seg ned. Det er svært viktig for resultatet at du fylgjer opp dei råda og øvingane du får.

Førebygging:
  • Dersom plagene kjem frå idrett, bør ein sjå nærare på teknikken din og korrigere eventuelle feil. Dette kan kiropraktoren, fysioterapeuten eller ein kyndig trenar hjelpe deg med.
  • Dersom tennisalbogen er yrkesbetinga, kan kiropraktoren eller fysioterapeuten hjelpe deg med ergonomiske råd i forhold til PC bruk og liknande, og ein kan nytte Bedriftshelsetenesta til arbeidsplassvurdering
  • Hald deg generelt i form gjennom variert trening og aktivitet.