Bedriftsavtalar

Mange små og store bedrifter har sett at ved å samarbeide tett med Kiropraktorklinikken, har ein kunne sett igang tiltak for dei tilsette tidleg i prosessen, og på denne måten kan ein unngå eller redusere sjukmelding. Avery Dennison NTP , Lerum Fabrikker, Norsun og LMI er dei bedriftene  som nyttar oss mest aktivt, men også mange mindre bedrifter ringer oss når dei treng hjelp med ein av sine tilsette. Det at det er dialog og ei gjensidig forståing mellom den tilsette, personalansvarleg og kiropraktoren viser seg å vere nøkkelen til raskt og godt resultat.

Dersom di bedrift eller din arbeidsplass ynskjer å vite meir om Kiropraktorklinikken og kva vi kan hjelpe di bedrift med, ta kontakt med oss. Vi kjem gjerne på besøk og held informasjonsmøte med eit foredrag for både tilsette og administrasjonen.

«Avery Dennison NTP er svært nøgde med samarbeidet vi har med Kiropraktorklinikken for å førebyggje og behandle helseplager for våre tilsette. Kiropraktorklinikken fokuserer på aktivitet i staden for passivitet, og vektlegg pasientane sitt ansvar for eiga helse gjennom å setje krav til oppfølging av behandling gjennom trening og øvingsprogram. Kiropraktorklinikken er fleksible og tilgjengelege. Rask behandling er ein stor fordel og resultatet er ofte at dei tilsette kjem raskt tilbake i arbeid, og vi får ein vinn-vinn situasjon både for tilsette og arbeidsgjevar gjennom betre helse og mindre sjukefråvere. Vi har også brukt Kiropraktorklinikken til gjennomgang av arbeidsplassane for våre tilsette og fått konkrete og nyttige  innspel for å betre arbeidssituasjonen.»

– Einar Kvam Finance & HR Manager Avery Dennison NTP AS

Ta gjerne kontakt med oss

  • Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.